top of page

Nye kurs og nye bookingrutiner frå 13. januar 2020

13. januar startar vintersesongen hos Yogano. Samstundes kjem også nokre viktige endringar som er verdt å merke seg. Vi håper at dei nye rutinene vil fungere godt og at det vil føre til betre kontinuitet og at den enkelte får ei betre oppleving av progresjon og utvikling innan kursperioden.


Viktig informasjon:

- Klippekort blir ikkje lenger solgt frå 1. januar 2020. Dei som har gyldige klippekort frå 2019 får sjølvsagt bruke disse.

- Du kan melde deg på eit eller fleire kurs (ved 2 eller fleire kurs, løner det seg med medlemskap).

- Kursløp er på 12 eller 16 veker og du melder deg på ved å kjøpe pass her. - Om du ikkje kan møte til kurset ein eller fleire gongar grunna sjukdom etc., kan du booke av timen det gjeld og booke deg inn på ein annan time på timeplanen (så lenge det er ledig plass på timen). Du kan ta igjen timar innanfor kursperioden 13. januar til 5. april).

- Avmeldingsfrist er 12 timar (både for medlemar, kursmedlemar og drop-in). Avmelding skjer kun via Punchpass bookingsystem via lenkje du får i e-post når du bestiller timen og påminnings e-post (dagen før).

- Medlemar kan booke seg fast inn på inntil tre faste timar (ta kontakt på e-post til oss kva for klasser du ønskjer). Medlemar kan elles fritt booke seg inn på alle timar sjølve.

- Dropin-pass kr 220 kan nyttast på alle timar.

- Ashtanga laurdagar er ein dropin-time og du kan betale kr 170 på Vipps ved oppmøte eller i forkant på nettstaden vår (hugs å booke timen i forkant då det kan bli fullt).


Kurs vinter/vår 2020 (16 veker): - "Medisinsk yoga" oppstart 15. januar (kr 2500).

- "Nybyrjar" oppstart 16. januar (kr 2700).


Kurs vinter 2020 (12 veker): - "Flyt 2" oppstart 13. januar (kr 1950).

- "Yin måndagar" oppstart 13. januar (kr 1950).

- "Pilates" oppstart 14. januar (kr 1950).

- "Ashtanga leda/Mysore" oppstart 14. januar (kr 1950).

- "Flyt 1" oppstart 15. januar (kr 1950).

- "Yin onsdagar" oppstart 15. januar (kr 1950).

- "Ashtanga leda" oppstart 16. januar (kr 1950).

- "Mjuk yoga" oppstart 17. januar (kr 1950).


Du kan kjøpe kurs/medlemskap her


For meir informasjon om dei ulike kursa går du hit, skrollar deg ned på lista til du finn kurset du er interessert i, trykker på det og får opp meir informasjon.


Har du spørsmål knytt til kurs eller dei nye rutinene, ikkje nøl med å ta kontakt med oss!


Vi ser fram til ein ny sesong på yogamatta saman med deg!






Featured Posts
Recent Posts
bottom of page