Yogano UNG/Økonomi
Vi ønskjer at yoga skal vere tilgjengeleg for flest mogleg, og har forståing for at mange ikkje kan ta seg råd til yogatimar. Vi tilbyr difor UNG/Økonomi medlemskap til kr 595 (normalpris kr 895) og klippekort kr 1200 (normalpris kr 1700). Er du 25 år eller yngre, er dette prisalternativet for deg. Har du ein utfordrande økonomi for tida grunna arbeidsløyse, er student, aleineforsørgar, eller er ufør, ta kontakt med meg der du kort forklarer din situasjon. Du kan ta kontakt både på e-post post@yogano.no og telefon 47386097. Kommunikasjonen blir sjølvsagt mellom oss. Det er viktig å presisere at det ikkje kan handle om prioriteringar, og at ordninga er behovsretta. Får ein betre økonomi og kan betale normalpris, må kunden ta kontakt. Eg stolar på at det er eit system som vil fungere fint! Håper dette kan vere med på å gjere Yogano tilgjengeleg for enda fleire!
Kjøp UNG/økonomi her: https://www.bygdeyoga.no/prisar-og-medlemskap
