Nybyrjarkurs med Kathrine!
Tysdag 3. april startar nybyrjarkurs med Kathrine Kriken Garnes!
På nybyrjarkurset får du ei god innføring i grunnleggande fysisk yoga. Du blir kjend med solhelsingar, ståande, sittande og liggande øvingar som styrkjer, strekkjer og utfordrar balanse og konsentrasjon. Pust er sjølvsagt ein viktig del av kurset, og du lærer yogapust og korleis du skal puste under øvingane. Kvar time blir alltid avslutta med avspenning (Savasana). 8 kurskveldar kr 1600
For påmelding: https://www.bygdeyoga.no/prisar-og-medlemskap Velkomen til oss!
