Inger Kristine

StartFragment
"Hei, eg heiter Inger Kristine, og er sertifisert yogainstruktør I Hatha yoga ved YogaNo. Eg likar kattar, litteratur, matlaging, konspirasjonsteoriar, bringebær, havet, skjørt som snurrar og denne youtubevideoen: https://www.youtube.com/watch?v=YVdkW0f_6sQ Men aller aller mest, likar eg yoga. Eg kom til yoga for to år sidan, då eg nettopp var ferdig på studiespesialiserande ved Ulstein Vidaregåande Skule. 19 år gammal følte eg meg verken særleg studieretta eller spesialisert, og bestemte meg difor for å ta eit år på folkehøgskule. Valet fall på yogalinja ved Hadeland fhs. Ved skulen praktiserte eg Hatha Yoga fire dagar i veka, og Yogalinja var også på tur til Rishikesh i India. Etter møtet med byen, fann eg snart ut at yoga var noko eg ikkje ville leve utan, og sommaren 2016 tok eg 200 hour Teacher Training i Hatha Yoga. Sidan det har eg stått opp (nesten) kvar morgon for å helse sola, ete grøne blad og forsøke å stilne skiftningane av sinnet så godt som råd. For meg handlar yoga om heilskap. Pust, rørsle og tilstedeværelse, disse tre elementa utgjer fundamentet i yogapraksisen. Gjennom å bruke pusten og dei fysiske yogaøvelsane som fokuspunkt for merksemda vår, kan vi finne ein vaken tilstedeværelse i oss sjølv. Eller som yogalæraren Sri K. Pattabhi Jois sa det: "You do these three things - breathing, posture, looking. Practice this, many many years, then shantih (peace) will come. No problem!" Samstundes er yoga for meg noko ordlaust. I praksis er yoga veldig enkelt. Alt du treng er: 1.Ei yogamatte 2. Ein vilje til å lære 3. Eit løfte om å møte opp på yogamatta Oppsummert: dersom du kan puste og møte opp, kan du gjere yoga. I mine yogatimar ynskjer eg å dele yoga på ein direkte og omtenksom måte. Uansett om du er nybegynnar, eller kan gjere Vrischikasana mens du drikk te frå lisjetåa - den du er, er akkurat heilt passeleg for yoga. Ved YogaNo underviser eg i Hatha og flyt-yoga, i timane Nybegynnarkurs, Dynamisk Yoga, YogaSpa, Tema og Morgonflyt. Vel møtt. Eg gledar meg til å sjå deg på matta i Bjørnedalsvegen:)!"
EndFragment