Mannar seg opp til yoga
Are Olav Riise er Linn sin mann og over gjennomsnittet eksponert for yogaprat, yogaplanar og yogalogistikk i heimen. Likevel har Are lite erfaring med yogapraksis, men har no meldt seg på Yoga Mann til hausten med Linn Urke (ikkje kona...) og ser fram til å kome i gong.
Are er ein typisk fotballspelar som har trena styrketrening og kondisjon i tillegg til fotball. Han har vore plaga med kne og rygg og har akkurat gjennomført ein meniskoperasjon. Are trur yoga vil bli ei positiv utfordring, og har håp om at dette kan gi han betre styrke, stabilitet og fleksibilitet, forebygge slitasjeskader og bygge opp kropp og sinn på ein positiv måte.
Yoga mann er bygt opp om Ashtanga yoga, som er ei systematisk form for yoga som ofte appellerer til menn då den er forutsigbar og systematisk. Ashtanga yoga er ein fast serie, slik ein slepp å bruke for mykje fokus på å følge med på kva som skjer og heller kan konsentre seg om seg sjølv og sin eigen praksis.
For Are er det ikkje så viktig at det berre er menn på kurset, men han har forståing for at dette kan gjere det lettare for mange menn å kome i gong med yoga.
Yoga mann startar mandag 14. august.
