top of page

Velkomen til Yogano!

Det er ei stor glede å kunne opne Yogano! Sidan eg starta med Bygdeyoga i gymsalen på Skeide i 2014, har eg opplevd ei kjempefin reise saman med dykk Bygdeyogis. Stadig fleire kom på yoga og vi kunne utvide tilbodet til Dimna og Reiten med fleire timar og ulike typar yoga. I 2016 var eg så heldig å få med Margaret og Inger Kristine som med sin kunnskap og fine personar har vore med på å gjere Yogano mogleg. Og til hausten får eg enda to dyktige yogalærarar med på laget, Hildegunn og Linn! Eg har lenge hatt ein draum om å starte opp yogastudio i Ulsteinvik, og når eg fekk selskap av slike gode folk, visste eg at det var berre å sette i gong!

For tida er det full oppussing i Bjørndalsvegen 15. I fire månadar no har eg litt nervøst besøkt lokalet både på dagtid og kveldstid for å sjå for meg korleis yogastudioet skal bli. Det blir fint men intimt, og Bygdeyogis som er van med yoga i gymsal må nok omstille seg litt med tanke på personleg rom og areal. Dette er også noko som blir fint med Yogano då eg trur vi raskare finn ro, fokus og konsentrasjon og at det blir lettare å kommunisere med kvarandre.

Eg håper at Yogano blir ein stad der folk likar å vere og der ein kan få påfyll. Vi ønskjer å gi eit tilbod til alle typar menneske og har difor tilbod om mange ulike typar yoga, frå nybyrjar til vidarekomne, menn og kvinner, unge og eldre, friske og dei med helseutfordringar, energiske og bedagelige, trente og utrente. Timeplanen vil stadig vere i endring, og om de har ønskjer til kurs, timar eller workshops, er det berre å kome med dei! Vi prøver å få til workshops i tillegg til vanleg timeplan og vi ser for oss kurs i Ashtanga, meditasjon, Chakra, akroyoga, kroppsbevisstheit, vinyasa og mykje meir!

Eg håper å sjå deg på Yogano i august! Velkomen!

Audmjuk og kjempeglad helsing frå Linn

Featured Posts
Recent Posts
bottom of page