

Yoga mann oppstart 3. april
Er du mann og har lyst å gå på yoga, er dette eit veldig kjekt, inspirerande og lærerikt kurs! Yoga mann er eit kurs der ein lærer ein fast serie med øvingar (Ashtanga yoga) der ein får utvikla styrke, fleksibilitet og balanse. Det er ei god og lett stemning på kurset der alle er velkomne! Linn Urke har kurset.
Kursløp a 9 kurskveldar, tysdagar klokka 1845-1945 med fyrste kursdag 3. april. Påmelding https://www.yogano.no/prisar-og-medlemskap


Nybyrjarkurs med Kathrine!
Tysdag 3. april startar nybyrjarkurs med Kathrine Kriken Garnes! På nybyrjarkurset får du ei god innføring i grunnleggande fysisk yoga.
Du blir kjend med solhelsingar, ståande, sittande og liggande øvingar som styrkjer, strekkjer og utfordrar balanse og konsentrasjon. Pust er sjølvsagt ein viktig del av kurset, og du lærer yogapust og korleis du skal puste under øvingane.
Kvar time blir alltid avslutta med avspenning (Savasana).
8 kurskveldar kr 1600 For påmelding: http