

Mannar seg opp til yoga
Are Olav Riise er Linn sin mann og over gjennomsnittet eksponert for yogaprat, yogaplanar og yogalogistikk i heimen. Likevel har Are lite erfaring med yogapraksis, men har no meldt seg på Yoga Mann til hausten med Linn Urke (ikkje kona...) og ser fram til å kome i gong. Are er ein typisk fotballspelar som har trena styrketrening og kondisjon i tillegg til fotball. Han har vore plaga med kne og rygg og har akkurat gjennomført ein meniskoperasjon. Are trur yoga vil bli ei posit


Yoga og ferietid
Ferien er rett rundt hjørnet og mange har allerie starta sommarferien, meg inkludert. Ferietid er kos med lange dagar, kvalitetstid med dei vi er glade i, is, god mat og drikke, bading, boklesing og anna som høyrer sommaren til. For meg er det viktig å kunne sette kvardagen på pause og ha tid til å berre vere og kjenne at tida berre flyt utan å skulle rekke noko. På tross av feriemodus har eg behov for å praktisere yoga, både når eg er heime på ferie og ute på reise. Er eg ut


Gratulerer Hildegunn!
Det er med stor glede vi gratulerer Hildegunn med sertifisering i Ashtanga yoga etter fullført og bestått utdanning med Alexander Medin! Hildegunn har under utdanning undervist Ashtanga yoga ved Optimal helseklinikk i Ørsta. Ho bur i Åmdalen med familien sin og jobbar som grafisk designar og art director ved Osbeget AS. Det er også Hildegunn som har laga den flotte logoen og profilen til Yogano! Hildegunn er med andre ord ei dame med mange talent og vi gler oss slik til ho st


Sommaryoga på Reiten!
Sjølv om vi er i full gang med flytting til Bjørndalsvegen, held vi timar heile sommaren på Reiten (ikkje siste veka i juni). Det er Linn og Inger Kristine som byttar på å ha sommaryoga. Timane er opne for alle og det er berre å møte opp når det passar! Velkomen! Torsdag 1. juni: Mjuk flyt 1845-1945, Energiflyt 2000-2100 Torsdag 8. juni: Mjuk flyt 1845-1945, Energiflyt 2000-2100 (energiflyt gratis). Vi øver på flyt til "Smak av Ulstein". Du er sjølvsagt hjarteleg velkomen sjø


Velkomen til Yogano!
Det er ei stor glede å kunne opne Yogano! Sidan eg starta med Bygdeyoga i gymsalen på Skeide i 2014, har eg opplevd ei kjempefin reise saman med dykk Bygdeyogis. Stadig fleire kom på yoga og vi kunne utvide tilbodet til Dimna og Reiten med fleire timar og ulike typar yoga. I 2016 var eg så heldig å få med Margaret og Inger Kristine som med sin kunnskap og fine personar har vore med på å gjere Yogano mogleg. Og til hausten får eg enda to dyktige yogalærarar med på laget, Hilde